Ynskjer du å bidra?

Publisert av:
8/10/2013 06:17

Tysnes Frivilligsentral treng nye personer som kan vera med å køyra ut middagsmat til eldre heimebuande. Dette er eit tilbud mand og onsd i kvar veke, og er eit samarbeid mellom sentralen og Tysnes kommune/ kjøkkenet på Tysnes Sjukeheim.

Dersom du kan avsjå ca 3 t i gongen i mnd og vera med på å bidra til eit positivt innslag i kvardagen, er dette «jobben» for deg.

Ein kan sei at det er særs gjevande og få kunna vera med på å yta denne servicen for dei eldre innbyggjarane, og mottakarane set stor pris på desse 2 besøka i løpet av veka.

For meir innfo, ta kontakt på tlf: 99331168 el på
e-post: post@tysnes.frivilligsentral.no.

Tysnes Frivilligsentral
www.tysnes.frivilligsentral.no