Lesarbilete

Publisert av:
5/10/2013 06:11

Lesaren som har sendt oss desse flotte bileta, skriv at den siste veka har vore heilt fantastisk og fjellet er vel på sitt finaste nett no.

Han fortel vidare at dei har rusla litt rundt om i Tysnesfjellet og litt i området Stussdalen i Lindås mot Padøysætra.

“Hausten er tid for refleksjonar og ettertanke, og å rusla rundt i naturen gjev rom nettopp for det.

Det er godt å koma seg ut, kjenna på at lufta er vorten skarpare, kjenna på at ein lang tur gjer godt for kropp og sjel.

Kjenna på at det godt å koma heimatt. Setja seg i godstolen om kvelden.  Leggja ein god kubbe i ovnen.  Sjå på bileta frå turen.”

 

Har du også hatt ein fin tur? Del gjerne bileta dine med andre på Tysnesingen.no!