Kulturløype

Publisert av:
1/10/2013 12:07

Ovanom Amundstølen passerer ein Borgarvollen og restane etter kraftstasjonen til Våge Lysverk. Borgarvollen var samlingstad i Tysnesbygdafør ungdomshuset kom til. Stien går vidare langs røyrgata til kvilebenkane på Ratlehaugen, opp Kleivo og me kjem til den fyrste demningen som har stoppekrane, men manglar vatn. Ved 2. stigkryss tek ein til venstre og treff på ein 8m høg steinsett demning. Me er komen til Skarstjødno. Over ein haug mot aust så er me ved hellaren Ragnhildsteinen. Segna seier at jenta berga livet ved å bu her under Svartedauden. Turen går vidare langs Ragnhildsteinsmyra til Ramnanuten.

Sjå video: Tysnes/Todneset sett frå Ramnanuten.”Tysnes som kultsted”. Det skulle omtrent vera umogleg at sola skein på same røysa kvar gong ho snudde og ved jamndøgna.

Skogsvegen fører deg ned att til bygda.

NB: Lurt å ha støvlar i myra. Det står få namn i boka som ein finn i postkassen ved Ragnhildsteinen

[bilder]

Tekst og bilete: Tore Økland.