Publisert av:
16/9/2013 20:07
Informasjonsmøte
Tysnes Næringsråd arrangerte samlinga. Bjarte Erstad, leiar i næringsrådet, innleia med at det frå fleire hald var ytra ynskje om at ein fekk til ei samling kring dette temaet.
Dei som hadde møtt opp fekk informasjon om det å drifta ein bubilcamp sett frå ulike perspektiv. Blant anna Leif Sverre Enes som eig Enes camping fortalte om sine erfaringar.
Ordfører Kjetil Hestad meinte behovet for ein eller fleire campar var svært stort på Tysnes, og at kommunen ville hjelpa dei som ynskte å starta med dette.