Cupsuksess

Publisert av:
29/12/2007 08:43

Eit svært vellukka arrangement frå Njardar/Tysnes – det må vera status etter årets romjulscup i Tysneshallen.

34 lag, mykje publikum og innimellom godt spel på parketten og ein del stive og støle bein etter kampslutt. Slik skal det vera!

Alle resultata finn du på njardar.no.


Vikingana vinnar kl.5, bak Ørjan Malkenes, Vidar Storesætre, Øyvind Langeland, Endre Vermedal. Framme: Camilla, Rikke Vermedal, Erlend Sundfjord,


Statoil-gjengen sikra seg gullet på straffekonk i finalen klasse 1


2.plass til Girl Power i kl.5, f.v. Terje Vevatne, Kåre Martin Kleppe, Sara Elisabeth Stue, Guri Andersland, Janne Lande, Maria Haaland, Viktoria Søreide.


Les Invisibles var godt synlege i hallen og fekk sølvmedaljar i klasse 2


Slagne 1650 Kleppe spelarar etter finalen, men dei gjorde ein flott innsats


1650 Kleppe hadde Statoil-gjengen i kne med 2-0 leiing til det stod att 4-5 minutt i finalen klasse 1. Men laget frå Hatlestrand sin innspurt
resulterte i to scoringar og dermed 2-2 i sluttresultat. Det betydde straffekonk,
og ikkje overraskande sette 
Jon Andre Røyrane inn den avgjerande straffen som gav gullet til Statoil-gjengen.