Kystsogevekene og kultur-minnedagane 2013

Publisert av:
22/8/2013 11:34

I LJOSET FRÅ ELD OG LJORE

Måndag 26. august kl 19.00 Seløystova, Onarheim

Den gamle årestova, bustad gjennom 1000 år, med kulturarbeidar Ole Didrik Lærum, fylkeskvedar Reidun Horvei og fløytist Laila Kolve. Kva fortalde folk, spelte og song kring den opne elden. Om lag ein time, høver både for born og vaksne.

Arr. Sunnhordland museum og Tysnes musèlag

 

KVINNER I POLITIKKEN PÅ TYSNES 

Sundag 1. september kl. 15.00  Skorpo skule

Kvinner i lokalpolitikken v/ Jakob Gullberg

Arr. Tysnes sogelag

 

HUSFLIDSMESSE I TYSNESHALLEN

Laurdag 7. september og sundag 8. september

Arr. Tysnes husflidsmesse

 

JOHANNES HEGGLAND – KVINNESKIKKELSER I FORFATTERSKAPEN

Laurdag 7. september kl 18  Saltebuo på Nedrevåge

Forteljar og dramatiker Johanne Øvstebø Tvedten framfører Anna Gyria  av Johannes Heggland. Marianne Tvedt framfører songer av oldemora Cecilie Peternille Vernøy.

Billett kr 150,-. Høve til å kjøpe mat.

Arr. Heggland-komiteèn, Tysnes bondekvinnelag, Kulturarbeidsgruppa og Tysnes kommune.

 

Arrangementet er støtta av Andersland bygg AS, Spar Tysnes, Tysnes kraftlag, Tysnes Sparebank og Stiftinga Kystsogevekene.»

 

Tekst: Vibeke Stoltz