Publisert av:
25/7/2013 06:03
Bedehusbasar i Lunde
Marit Humlevik ynskte velkomen og fortalde om aktiviteten i bedehuset siste året. Anders Bakke og Kolbjørn Tvedt underheldt med songar med tekstar av Jens Tvedt og Anders Bakke. Dei spelte òg til allsongane, og det var tydeleg at dei frammøtte likte songen og musikken til Anders og Kolbjørn!
Etterpå var det tid for kaffi og heimelaga kaker og bollar, -og ikkje minst åresal. Det var mange flotte gevinstar, og styret i bedehuslaget kunne nøgde konstatera at det kom inn om lag 26 000 kr. Styret vil retta ei stor takk til Anders og Kolbjørn, til alle som bidrog med baking, gevinstar og gåvekort, -og ikkje minst alle som kjøpte lodd! Takk for ein flott kveld!
[bilder]
Tekst og foto: Helga Kristine Haaland