Tysnesfest Grandprix 2013

Publisert av:
2/7/2013 07:02

Dei siste åra har duoen Knut Jørgen og Marius gjort reint bord under Tysnesfest GrandPrix.

Med sin makalause farkost har dei sust gjennom løypa og inn til suveren siger år etter år, og dermed teke seg til Noregsmeisterskapen i olabil – der dei har hatt fantastiske opplevingar!

Er det ikkje ikkje på tide å visa dei at det fins andre som også kan bygga kassabil???

Hiv deg i kjellaren, på loftet eller i garasjen… Finn fram fantasien, kubeinet, slegga og litt småverktøy og smell saman ein kassabil – og meld deg på her: Påmelding

Tysnesfest GrandPrix er det einaste kassabilløpet i verden som blir direkte overført til storskjerm!

Kvart år er det fleire hundre tilskodarar i løypa, og stemningen under løpet er heilt mekanisk!

Bli med på sumarens mest fartsfyllte og stemingsskapande kassabilløp!

Tekst og foto: Sigvart Madsen