Fjell og fjord med 8. klasse

Publisert av:
12/6/2013 08:02

I det flotte sommarveret vart det ein fin tur forbi Lande og opp på Vestafjellet, eller Vestrefjellet som det står på kartet.  Det var tørt og fint å gå, og stigen oppover var kjempefin!  Nokre av elevane var svært kjappe til å koma seg til topps, medan  andre tok tida til hjelp!
Turen ned att gjekk i rekordfart.  Alle ville grilla og bada!  Ved båtlagsnaustet vart det bra med bading, sjølv om temperaturen i fjorden ikkje var heilt topp.  Temperaturen på grillen var heller ikkje topp i starten, men med eksperttips frå røynde grillmeistrar, vart det grilling til slutt!
Ein kjekk dag for både vaksne og ungdommar!