Turorientering
4/6/2013 06:34
Desse butikkane gjer eit svært viktig arbeid for oss som jobbar med turorienteringa. Utan deira hjelp og støtte kunne me ikkje arrangert dette år etter år.
Butikkane som gjer dette gratisarbeidet er: Bunnpris i Lunde, Flakkavåg handel Onarheim, Bruntveit handel Reksteren, Joker/Hillesvik i Uggdal og Esso i Våge. Nytt av året er at det også vart lagt ut «Turorienteringskonvuluttar på «Flytenaustet» i Våge.
Interessa for turorienteringa har stort sett vore god, me sel ca. 40 til 50 konv. pr sesong, og dersom me reknar 2 til 3 brukararar pr konv. så er det altså ein stor flokk som tek seg fram i Tysnesfjellheimen.
Dei som er med og legg ut dei ulike postane kvart år er. Nils Eivind Hansen (Lundegrend Idr. lag) . Bernhard Skjolde (Onarheim idr.lag) , Jon Skjolde (Onarheim idr.lag), Marit Nancy Allard Gjøvåg Reksteren idr. lag) . Her må også nemnast at Jan Belt (Lundegrend idr. lag) og Asle Bernt Rekve (Uggdal idr. lag ) har vore «postutleggjarar» i mange år. Utan alle desse let det seg ikkje gjera å arrangera turorientering år etter år. Tusen takk til dykk alle!
Så vil me oppfordra alle spreke tysnesingar til og nytta dette tilbodet . Det vil garantert få flotte fjellopplevingar i Tysnesfjellheimen.
God tur i Tysnesnaturen 2013!
Turorienteringsgruppa v/ Sigurd Bjordal