Ilefjellet-Den perfekte rundtur

Publisert av:
31/5/2013 08:12

Han skriv vidare: 
No kan ein ta rundtur frå parkeringsplassen på Dalen eller ved Tysnes skule. Starten er den same som når ein går til Gjerstadstølen. 

Frå Dalen kan ein også halve turen om Buldo og ned til Haaheim Gaard.Det gjorde ei busslast med pensjonistar i går.

Det var heilt tilfeldig at eg traff på Kjell Brekke.Han gjekk opp frå Dalen og eg frå Gjerstad.Me var begge samde om at dette var eit flott turområde. Det har vore postkasse der snart eit år og nokre har verkeleg oppdaga denne flotte turen.