Digital satsing
13/5/2013 16:02
Frå og med i dag vil alle som abonnerer på avisa Sunnhordland få gratis e-avis. Denne er ein digital kopi av papiravisa. Abonnentane får no moglegheit til å velgja sjølv kvar dei ynskjer å lesa avisa, i papirutgåva, på nett, mobil eller nettbrett.
Slik det har vore til no, har berre nokre få saker vorte publisert på nett, no vert alt stoff publisert digitalt.
For dei som ikkje er abonnentar, vil ein framlies få tilgong til nokre av sakene.
Lesarane av Bladet Tysnes kan også glede seg over eit slikt tilbod. I midten av april i år kom dei med ei ny nettavis i eit format som er tilpassa mobiltelefon og nettbrett. E-avisa er i utvikling, no i starten er den gratis til alle, men på sikt vil den vil vere eit gratistilbod til abonnentar av papirutgåva.