Busstur til Frekhaug og Radøy

Publisert av:
27/4/2013 20:09

Turen går den 03. juni. Det har vore god oppslutning kvart år, i fjor var me faktisk 52 personar til Fjord og Fjære i Ryfylke. 

I år går altså turen til Nordhordland, Frekhaug, Radøy og Mongstad, med Emigrantkyrkja og Vestnorsk Utvandringssenter som eit høgdepunkt. Og så vert det sjølvsagt ei god ramme rundt det heile, med stopp for kaffi og rundstykke på Frekhaug folkehøgskule og seinare på dagen middag på Kilstraumen i Austrheim, og sjølvsagt ein god tone og eit flott felleskap undervegs.

Bussjåfør vert som vanleg på desse turane utflytta tysnesing, Svein Bjarne Aase, som no bur på Stord. Han er ein meister, ikkje berre å køyra buss, men også å binda turen sammen, både med skjemt og alvor.

Har du lyst å bli med på tur, så meld deg gjerne på, eller ta kontakt med Harald Heie for brosjyre,
på tlf 90972465 eller mail: ha-heie@online.no