Publisert av:
13/4/2013 19:51
Tårnagenthelg
I dag fekk agentane vere med på skattejakt, utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene.
Tårnagentane fekk til og med gode råd av ein ekte lensmann, slik at dei skulle klare å løysa dei vanskelege mysteria.
Etter mykje godt arbeid var det tid for agentmat, som var flaggermuspølser!
I morgon formiddag møtest agentane igjen og vert med på gudstenesta, som sjølvsagt er ei Tårnagentgudsteneste.
Foto: Inga Gjerstad



