Nasjonal Transportplan
9/4/2013 13:17
Bt.no har i dag ein artikkel om korleis regjeringa sitt traséval vil påverke Hordaland.
Kva vil regjeringa gå inn for? Midtre trasé og gigantbru over Bjørnafjorden, eller indre trasé og ei klassisk tunnelrute gjennom Fusa?
Desse spørsmåla får me kanskje svar på denne fredagen når regjeringa legg fram ny Nasjonal Transportplan.
Damene på Ma-Ka kafe i Uggdal som har vorte intervjua av bt.no, er ikkje i tvil om kva dei ynskjer: bru over Bjørnafjorden! Slik det er no, føler dei at Tysnes ligg i skuggen. Bru vil medføre at Tysnes får meir aktivitet og vert ein betre stad å bu, trur damene.
Saka har vekt stort engasjement i alle lag i samfunnet.
I februar sende 16 ordførarar i Hordaland og Rogaland, deriblandt Kjetil Hestad Ordførar i Tysnes, eit brev til samferdsleminister Marit Arnstad der dei ga uttrykk for at dei meiner bru over Bjørnafjorden er det beste alternativet nå det gjeld ferjefri E39.
Spørjeundersøkinga på Tysnesingen.no om ferjefri E39 fekk god oppslutning. Det kom fram at dei fleste ynskjer at vegen vert lagt over Tysnes, (51%) stemmde for ein indre trasè på austsida av øya medan (41%) ville ha bru over Bjørnefjorden.