Informativ Gründerpuls

Publisert av:
11/3/2013 09:07

 

Temaet var Altinn og Brønnøysundregistrene som verktøykasse som er sentrale kjelder for bedrifter både i planleggingsfasen og for dei som allereie er etablerte. Kurshaldarane var Kari Ann Nygård og Elaine Svartis.

Dei oppmøtte fekk førstehandsinformasjon og veiledning om korleis ein kan nytta og finna informasjon på nettsidene til Altinn og Brønnøysundregistrene på ein enkel og oversiktleg måte. 

-Korleis har det vore å ha kurs her på Tysnes?

-Herleg! Me har hatt eit engasjert publikum som har stilt gode og vanskelege spørsmål som me har lært mykje av, sa Elaine Svartis. 

Kurshaldarane hadde reist land og strand for å halda kurs på Stord og Tysnes og dei følte seg veldig heldige med vêret dei dagane dei var i Sunnhordland.

-Eg synst det er veldig fint her på Tysnes og kjem gjerne tilbake dersom eg vert invitert igjen, sa Elaine Svartis.