Publisert av:
7/3/2013 14:22
Venterom
Det er Stordnytt.no som i dag melder at 48 år med venting på venterom no er over!
Venterommet skal setjast opp der den gule “pølseboden” står i dag. Ei av årsakene til at det no vert bygging skal vere eit skriv frå Tysnes Kommune med spørsmål om kva tid ein kunne venta seg eit venterom.
Opplysningane har Stordnytt.no fått stadfesta av Bernt Herland ved vegvesenet si Stord- avdeling.
Her vert det truleg fint å vente, om det så er buss, ferje eller bru ein ventar på!