Publisert av:
17/2/2013 16:19
Tysnes -kyrkjelydane med eigen nettstad
På den nye nettsida står det:
Dette skal vere ein nettstad for informasjon frå kyrkjene på Tysnes og ein stad kor ein kan finne litt nyhende kva som rører seg i kyrkjelydande. På nettstaden kan de finne oppdaterte (forhåpenligvis) gudstenestelister, informasjon vedkommande kyrkjelege handlingar så som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Her vil de og finne naudsynte skjema, og aktuelle adresser og telefonnummer.
Me voner dette vert nyttige sider for mange.
Marit I. Espedalen minner også om at det er Babysong i Uggdal kyrkje mandag 18. februar kl. 11.00.
Alle som likar song og born er velkomne!