Primstaven i dag

Publisert av:
2/2/2013 09:35

I dei fleste bygder vart det sagt at på dagen i dag var halve vinteren ferdig. Ein burde ha att om lag halve lageret av korn og fôr for å unngå «bunød». 

Primstaven tok for seg både religiøse merkedagar samt gode dagar for vêrteikn og merkedagar for jordbruket. Kvar dag hadde ein strek og kvar merkedag eit teikn.

Denne dagen og andre dagar på primstaven har skifta noko innhald og fokus opp igjennom åra. Det er også ulike primstavar rundtom i landet.

I mange bygder vestpå og nordpå vert denne dagen rekna som siste juledagen.

Meir om primstaven og vegen fram til dagens kalender kan du lesa her og her.