Publisert av:
27/12/2012 21:42
Romjulscup
I dag gjekk alle kampane i Tysnes Kraftlag Cup 2013 som Njardar/Tysnes arrangerte i Tysneshallen.
Dei fyrste kampane starta klokka 16. Siste finalekamp har kampslutt kl 22.30.
Forutan alle som skulle spela kampar for dei fjorten laga som deltok, var det også mange som møtte fram som tilskodarar og som kosa seg på tribunen med sosialt samvér.
Det var ikkje berre Tysnes-lag som var påmeldte. Også lag frå Fusa, Strandebarm og Bergen stillte opp.
Vinnar klasse “lettbeinte menn”: Boca Juniors med siger 2-0 over Superlaget
Vinnar klasse “lettbeinte damer”: Eikelandsfjorden jenter med siger 1-0 over (G)old Ladies.