Publisert av:
2/12/2012 18:24
Flott syn
Eit femtitals personar møtte fram i Uggdal i ettermiddag då lyset skulle tennast på det store grantreet som står like nedanfor Uggdal kyrkje.
Før tenninga var det hornmusikk med mange fine og kjende julesongar. Så talte ordførar Kjetil Hestad, og han slo fast at me har det finaste juletreet i heile Norge. – Viss ingen kjem i julestemning under desse flotte vinterforholda me har i dag, så forstår ikkje eg da, sa ordføraren.
Med fleire kuldegrader og nysnø vart det ei fantastisk flott ramme under tenninga. Både store og små foretok nedteljinga til Jan Vaage som slo på brytaren slik at julegrana stod i all sin prakt og lyste.
Etter denne seansen bar det i Grendatun for sosialt samvér og nissebesøk.