Julatre aksjon

Publisert av:
18/11/2012 12:21

Adventstida nærmarseg og i år som ifjor vil Våge Hamn få julatre på kaien. Førebuingane med julatreet byrja alt i går.

– Snart er det reist og vil pryda Våge Hamn med tusen julalys, ein fin velkomst for dei som kjem med ferjo og alle oss andre, seier Patrick Madsen til Tysnesingen.

Det var semi frå Rune’s Maskin og kranebil frå Lien Trelast som utførte jobben med å frakta det store julatreet frå Dalland og ned til Våge.

Alle foto: Patrick Madsen.