225 000 i støtte frå Gjensidigestiftelsen til bygging av “Tuftepark”
29/12/2018 19:48
Rett før jul fekk Båtlaget Njord/Tysnes gladmeldinga med positivt svar frå Gjensidigestiftelsen på søknaden om støtte til bygging av Tuftepark i Peralio friluftsområde.
Tufteparken er eit lavterskeltiltak for eigenorganisert idrett og folkehelsa. Kort fortalt er Tufteparken ein utandørs treningspark som består av enkle metallkonstruksjonar til bruk for eigenvekttrening. Pakken med dei 9 apparata som Tufteparken består av, er designa på en slik måte at alle øvelsar kan utførast av absolutt alle, uansett forutsetningar.
I dag finn ein Tufteparken heilt fra Kirkenes i Nord til Arendal i Sør.
Sjølv om det er dei fysiske apparata som ein betalar for, så er det konseptet i sin heilhet som har gjort Tufteparken til den suksessen den har blitt i så mange kommunar i Norge. Og no ligg det altså an til at me skal få ein Tuftepark her på Tysnes.
Tufteparkar har blitt etablert både for å
- Auka den generelle aktiviteten blant befolkninga og bedra folkehelsa
- Skapa sunn og positiv aktivitet i ellers belasta uteområder – f.eks i storbyar
- Skapa sosialisering og setta fokus på mestring og motivasjon gjennom morosam aktivitet framfor trening som en nødvendighet.
Parkane blir sett opp for å nå både dei yngre og dei eldre – og det lukkast nesten alltid med å skapa ein arena der heile familien kan væra representert samtidig og ha et godt utbytte av aktiviteten uavhengig av treningsbakgrunn og målsetting.
Les meir om Tufteparken her