Publisert av:
7/8/2011 17:45
178 på Såto
Surt vér til tross, mange sette nasen mot Tysnes sin høgaste topp og dei 753 metrane over havet i dag då årets Såtetrimmen vart arrangert.
Lundegrend Idrettslag kunne registrera 178 Såtetrimmarar mellom klokka 11 og 15.
På Såtetoppen var det sett opp lavotelt der det var servering av varm graut og saft. Det smakte nok godt i regnvéret som har vore i mest heile dag over Tysnes.
På Såtetrimmen 2010 var det 129 registrerte, mens det på det meste har vore over 400 på ein Såtetrimmen.
Foto: Åsta Hansen