Vinterfest i Lunde

Publisert av:
10/2/2011 11:10

Me prøver å finna tilbak til dei tidene me gjekk på fest, – ikkje berre i frå eiga bygd, men der folk kom saman frå andre bygdelag òg.

Kanskje me burde kalla det Vinterkonsert med dette programmet som er på trappene. På scenen denne kvelden vil det vera seksten musikantar og songarar. Tysnes har mykje å by på av nye og unge krefter både på instrument og song. Denne gongen blandar vi alle aldrar saman til ein lett miks i tonar og moro.  Her vil me høyra alt frå ’litt eldre’ Tina Turner låtar til unge Sara Bareilles låtar, – samt gamle ’svisker’ og rock. Bilete illustrerar litt bredda i aktørar og musikksjangrar. Programmet er sikkert på nærmare to timar og publikum skal føla at laget og dei på scenen har gjort ein stor innsats for billettpengane.

Etter programmet satsar laget på å servera betasuppa etter god gamal oppskrift. Drikka til maten for ein sjølvsagt kjøpt på staden.

Det heile vert avslutta med nokre timers dans. Det er Kveldens Band som står for musikken, – det betyr at musikantar frå konserten står for dansemusikken òg. Som ein skreiv i innleiinga ynskjer me at folk kjem frå heile kommunen (og byfolk og frå nabokommunar). Det minkar litt på talet av oss her  i kommunen no, så me for prøva å ’halda lag’ så godt som mogleg.
Dette skal bli moro!