Vil ta Godøysund tilbake

Publisert av:
11/9/2011 17:52

Kjerrgaard meddeler via facebook-gruppa at arbeidet med å gjera Godøysund tilgjengeleg for folket har starta.

Tysnes Senterparti meiner at ein bør sjå på mogleikane for aktivitet på Godøysund med nye auge. Det er diverre slik at med dagens situasjon blir det ingen aktivitet. Sp har starta arbeidet med å få gjort Godøysund tilgjengelig for ålmenta, står det å lesa på facebook-gruppa.

Spørsmålet er kven som kan vera interessert i å kjøpa den fantastiske plassen og få til aktivitet der. I følge Kjerrgaard bør Staten, Den Norske Turistforening og Bergen Turlag ha interesse av å kjøpa området for å bruka det til naturbasert friluftsaktivitet for ålmenta.

Kjerrgaard skriv vidare at i påsken vart leiar for DNT Kristin Krohn Devold intervjua på radio. Sidan påsken var sein anbefalte ho padling fra hytte til hytte i skjærgården, dette er starten på noko stort, men det trengs hytter som er tilgjengeleg for allmenta!

Godøysund har alle forutsetnader for å bli den turlagshytta på Vestlandet som har flest gjestedøgn. Eks:Bergen Turlag har 25000 medlemmer, om halvparten ville ta turen til en nyopna sjøhytte i øyparadiset Godøysund ville det bli over 10000 gjestedøgn berre på medlemane, skriv han.

“La oss ta Godøysund tilbake” finn du her >>>