Vil møta barna han redda

Publisert av:
23/2/2010 07:35

Det er Haugesunds Avis som har historien til Harald Miljeteig. Til avisa fortel han at hendinga skjedde sommaren i 1976 eller 1977.

Han og familien tøffa med snekka si inn Bjørnefjorden, og nær Gjelland på Reksteren la dei til land og blei der for å bada og kosa seg utover dagen. Ikkje langt unna var desse to barna og bada. Så skifta véret om og nordavinden sette til.

Færingen med dei to barna kom så drivande og Miljeteig, som hadde ein liten slepejolle med seg, for utpå og fekk slept inn færingen med barna i.

Heile historien kan du lesa i Haugesunds Avis her, og har du opplysningar kring hendinga kan du kontakta journalist einar.vestvik@h-avis.no.