Vil laga utstilling

Publisert av:
4/6/2017 18:28

Har du ei kveldsbøn eller ein song som du bad før du la deg om kvelden?

Då vil me gjerne låna den av deg, seier trusopplærar Heidi Hollekim.
-Det er fint om du seier noko om kvifor den har vore viktig for deg, og kor tid og i kva livfaser du har brukt den.

Hollekim fortel at dei har tenkt å bruka kveldsbønene og kveldssongane i ei utstilling under Babysong/ Familiegudstenesta i Tysnesfest veka onsdag 12. juli kl. 1100.

 

Send dei gjerne på mail til marit.i.espedalen@tysnes.kommune.no eller pr. post til Kyrkjekontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal