Publisert av:
29/1/2009 19:28
Vil ha hotell i Våge
I eit intervju i Bladet Tysnes i dag seier samfunnsutviklaren i Tysnes at han ynskjer å finna ein investor som han kunne jobba aktivt mot for å få opp eit hotell i Våge.
Bach er sjølv viljug å stå ved roret om hotellet skulle koma på plass.
Til avisa seier han at dersom nokon kunne skaffa kapital, så er han viljug til å byggja og drifta eit lite hotell i Våge. – Eit Tysnes utan eit hotell i framtida er ein stor nedtur. Hotell er like naudsynt som ein bensinstasjon, uttalar Tron Bach til Bladet Tysnes.