Illustrasjonsbilete

Vil du vere med i Tysnes ungdomsråd?

Publisert av: May Britt Meland
25/8/2022 19:25

Tysnes kommune melder på si nettside at det skal velgast nytt ungdomsråd i kommunestyremøtet 22. september 2022. Frist for å søkje eller føreslå nye medlemmar er 14. september.

Alle kommunar i Noreg skal ha eit ungdomsråd.

I rådet skal ungdommane arbeide fram eigne saker og ta initiativ til å komma med uttale i saker som er oppe til politisk handsaming i kommunen. Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom.

Det er kommunestyret som vedtek kor mange medlemer ungdomsrådet skal ha, og som vel rådet. I Tysnes skal kommunestyret velje nye medlemmar 22. september.

Ungdomsrådet konstituerer seg på fyrste rådsmøte, med leiar og nestleiar og fordeler sjølve andre roller. Ungdomsrådet skal ha ein valperiode på inntil to år. Dei som skal veljast må vere mellom 12 og 18 år på valtidspunktet.

Kommunen ber om at dei som ønskjer å vere med, eller å nominere nokon, gjer det innan fristen 14. september.

Skriv ein kort søknad med kvifor du ønskjer å vere med. Send den til anten:
ordførar Kåre Martin Kleppe
eller sekretær for ungdomsrådet Mats Løve Gjersvik

Har du andre spørsmål om ungdomsrådet, kan du kontakte sekretæren.