Vil du bidra til ei trivelig 17. mai feiring på Omsorgssenteret

Publisert av: May Britt Meland
17/4/2018 12:41

Er det frivillige som har lyst/ høve til å bidra litt på 17. mai?

Me ser for oss ei felles samling på Storstova på føremiddagen, ca. kl. 11.30 og fram til lunsj.

Rømmegraut kl. 13.00.

 -Ser du for deg at du har tid og anledning til å vera med 17. mai, er det fint om du gjer meg ei tilbakemelding slik at eg kan halda oversikten seier dagleg leiar ved Tysnes Frivilligsentral, Per Verner Aase, til Tysnesingen. Ta kontakt på tlf 53 43 70 66 eller 995 65 928

-Eg er sikker på at mange vil setje pris på nettopp di hjelp.

 

 

Innvielsesfest på omsorgssenteret

Per Verner Aase, fortel også at det i tillegg er ynskje om ekstra hjelp i samband med innvielsesfesten den 6. juni  kl. 16.00. Her er det mest snakk om å servera kaffi og å hjelpa gjestane til rette. -Dette er litt lengre fram i tid, men er du interessert, er det berre å «haka datoen av» i kalenderen, seier han.