Veteranar og debutantar på idrettsbanen

Publisert av:
12/9/2016 09:14

For Camilla Christensen og Tonje Aakre var det fyrste gong dei prøvde seg på denne utfordringa. Begge sprang raskt nok , hoppa  langt  nok og viste rikeleg armstyrke.  God debut!

Arvid Gaugstad og Asle Bernt Rekve er to veteranar som imponerer i idrettesmerkesamanheng. Asle Bernt Rekve ( 69) debuterte som merketakar allereie i 1966, og han har med innsatsen i år teke  idrettsmerket heile 49 gonger. Truleg er det ingen andre på Tysnes som kan visa til noko liknande. Stein Aanesen, som også skal ta idrettesmerket i haust, var i fjor  registrert  med 46 gonger. Imponerande det òg!

Arvid Gaugstad fyller 71 år om éin månad. Den utruleg spreke pensjonisten sprang laurdag 60 meter på 9,62 sekund, og 3000 m gjorde han unna på 14,21 minutt. Spensten er òg strålande  med 2,13 meter i lengde utan tilløp.

To gonger til med idrettsmerkeprøvar står for tur. I dag måndag kl. 17.00 og tysdag 20/9 kl. 17.00

Tekst & foto: Hans Ole Dalland