Foto: fn.no

Verdens miljødag

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/6/2019 16:29

I dag er det Verdens miljødag. Dette er ein FN-dag som har blitt markert i heile verda den 5. juni kvart år sidan den blei innstifta etter FNs miljøvernskonferanse i Stockholm i 1972. Hovudtema for verdens miljødag i 2019 er luftforureining. Verdens helseorganisasjon (WHO) melder at sju millionar dør årleg av luftforureining, og tre millionar av desse bur i Asia. Samtidig blir det målt at over 90% av verdas folk bur på stadar der luftkvaliteten er dårligare enn WHOs standardar.

Klimaendringar og luftforureining er to sider av same sak. Utslepp fra fabrikkar, fossilt brennstoff eller gassar som bidrar til global oppvarming bidrar også til luftforureining.
FNs bærekraftsmål nummer 13 handlar om å stansa klimaendringane, og bærekraftsmål nummer 11 handlar om å forbedra byar og samfunn, og nummer 15 handlar om ta vare på livet på land. Å redusera og fjerna luftforureininga er ein del av alle desse måla.

Les meir om FNs bærekraftsmål her.

Kilde: www.fn.no