Verdas miljødag
31/5/2013 06:58
Fokuset vert retta mot miljø og lokal matproduksjon. På standen kan folk koma innom å få servert gratis kaffi, pølser og vaflar. Du kan også delta i lotteri til Senterpartiet sitt CARE prosjekt i Tanzania. Trekning vert ca. kl. 14.00 laurdagen.
Bakgrunn:
Verda sin miljødag 5. juni vart stifta av FN i 1972 for å auke folk si merksemd kring miljøspørsmål. I godt over tjue år har Senterpartiet markert dagen med aksjonar, stand og annan aktivitet på grasrotplan for å spreie informasjon om miljø og bærekraftig utvikling. Senterpartiet har lenge hatt eit samarbeid med CARE, og støttar eit prosjekt på Pemba. Prosjektet er ein del av WAGE-programmet som CARE driver i mange regionar i Tanzania. Målgruppa er 4 000 kvinner og unge jenter som bur i områda rundt naturreservater nord på Pemba. Målet for prosjektet er å betre kvinnene sin økonomiske situasjon. Dette vert gjort gjennom spare- og lånegrupper, og ved opplæring i bærekraftig naturbruk og småskalaproduksjon.
I høve til årets Miljødag lanserer FN sitt utviklingsprogram UNEP kampanjen Think.Eat.Save. Temaet er mat som ressurs, og bodskapen er at me må verta flinkare til å ta vare på maten, både som produsentar og som forbrukarar. Kvart år går om lag 1/3 av all produsert mat tapt, anten på grunn av svinn eller fordi fullt brukbar mat vert kasta. Forbrukarane i dei rike landa kastar om lag like mykje mat som det vert produsert i land sør for Sahara. Mat som i dag går tapt gjennom svinn og sløsing, kunne ha brødfødd dei ca 900 mill. menneskene i verda som ikkje har nok å ete. Sløsing med mat og svinn i samband med produksjon, foredling, transport og konsum er ikkje berre eit fordelings-problem. Matproduksjon krev enorme ressursar i form av vatn, landareal og ikkje-fornybare driftsmidlar som olje. I tillegg krev matproduksjon kapital og stor arbeidsinnsats. Svinn og sløsing fører dessutan til miljøproblem og forureinsing til luft, jord og vatn. Mat som råtnar slepp ut drivhus-gassar, f.eks metan som er 23 gongar kraftigare enn CO2. Dette er Senterpartiet med å markera ulike stadar i landet.