Publisert av: Martha Nygård Lande
17/11/2024 13:58
Vellykka jubileumsfeiring
Laurdag kveld, 16. november, var det klart for å feira 50 årsjubilanten; fotballklubben Njardar.
Salen i Vonheim var full med feststemte gjester.

Sjølvsagt vart det mange helsingar til jubilanten, og dei som var med på å starte klubben.



Det vart også markert at a-laget gjorde ein flott sesong, med opprykk til 6. divisjon.
Det vart servert varm mat, dessert og kake og kaffi. Desse flinke ungdommane hjalp til med både servering og rydding.