Vellukka ridekurs
19/7/2009 20:44
Det er første gang eit ridekurs for så små ungar har gått så knirkefritt og bra som det gjorde i helga. Og dette takket vere Eli Sandvik som har lagt ned masse tid og arbeid for å få dette mulig.
I tillegg til ein kjempe jobb som instruktør i lag med Maria Kleppe. Ida Meland gjorde ein kjempejobb å ordna brakka før kurset:)
Ungane var veldig fornøgde etter helga med både teori, ridetimar og turridning. Helga vart avslutta med Gymkana stafett med mangen kjekke hinderløyper.
Me i styret vil takka Amlies mat som sponsa oss med frukt til barna heile helga:) Tusen takk!! Og takk til Irene Fauske som laga kjempegod lunsj alle 3 dagane! Og ikkje minst takk til dei som var med å leide hestane og stilte hestane sine til disposisjon i helga.
Ein spesiell takk til Renathe, Julianne og Aina som campa i hestehengaren heile helga og sørga for at alle hestane på kurset hadde det godt.
Og sist, men absolutt ikkje minst Tore Lunde som er heilt utrulig snill, som har kjørt på hester frå alle plasser på øya fram og tilbake frå kurs:):) Tusen takk!!
På vegne av styret
helsing Mailinn S Helland.