Vårspretten 2009

Publisert av:
30/3/2009 20:12

Juniorkorpset var fyrst i aksjon og spelte to nummer; Fancy That og Ha det bra.

Etterpå var det heile korpset sin tur og dei strålte på scena. Cathrine Moss spelte flott solo på Sugar Blues. Tysnes skulekorps melder dette på si nettside

I konkurranse med fire andre korps, fekk juniorkorpset frå Tysnes fyrsteplass. Topplassering er enno meir imponerande når ein veit at dei andre korpsa frå både Sotra, Askøy og Bergen var både større og eldre. Dette var fyrste gongen juniorkorpset (i alderen 9 til 13 år) spelte i konkurranse, så dette lover godt for framtida! 

Heile skulekorpset kom på 3.plass, og nemnde Cathrine Moss vann solistprisen i 3.divisjon.