Vårslepp i Naustet
13/4/2015 09:33
Det vert eit variert musikalsk program med songar på både norsk og engelsk og me avsluttar konserten med songar av Johannes Kleppevik.
Dirigent for koret er canadiaren Trent Bruner som er ein allsidig musikar som beherskar fleire instrument. Han vil også framføra 2 musikkstykke på piano. Han akkompagnerer også koret på nokre av songane.
Martha Aasheim trakterer trekkspelet på Kleppeviksongane saman med Trent på gitar.
Nokre kormedlemer vil ha solistroller.
Kvelden byr også på Velkomstdrikke, rikhaldig smårettbuffé, sal av øl, vin og brus og ein kan svinga seg til tonar frå Trond Taraldsøy.
Det vert lynlotteri med flotte Fruktkorger m/vin, som gevinstar.
Inngong kr 300,- pr. pers.
Så velkommen til ein musikalsk og sosial kveld saman med Tysnes Kammerkor.
Helsing Tysnes Kammerkor