Vårkonsert
23/5/2017 11:00
Som i fjor gjev Tysnes kammerkor også i år ein vårkonsert i Onarheim kulturkyrkje.
Denne gongen vert det ein kveldskonsert, tysdag 30. mai kl 19.00.
På programmet står eit utdrag frå kabareten «Vestlandet i meg», supplert med ei handfull «svisker» frå tidlegare kammerkor-konsertar. Med denne konserten ynskjer Tysnes kammerkor å gleda publikum ein gong til før sommaren.
Koret deltok nyleg på ein av profan-konsertane på songarstemnet «Syng i sydvest» i Haugesund. Saman med fem andre Vestlands-kor song dei for publikum i ein fullsett bystyresal på rådhuset.
«Vestlandet i meg» har vore ein suksess med publikumsrekord. Sjølv etter to godt besøkte framføringane i Uggdal og Våge, er det mange som har spurt om me ikkje kan ta ein ekstra-konsert. Tysdag kveld er siste sjanse for å få høyra koret si framføring av dei fleste av desse vestlands-songane. I tillegg serverer koret ein liten dessert som avslutning på vårsemesteret.