Våre flotte håndballjenter
22/6/2012 20:44
Dei har scora nest mest mål av alle laga. Me har 9 kjekke jenter på laget; Nora, Ruth Johanne, Kathrine, Eli, Martine, Ina, Anna Dorthea, Eline og Thea . Me er så heldige at me og har fått låna med oss Ayleen frå J11, Tamara og Amalie frå J12.
Me var og på Nore Neset på Rørleggerietcup. Jentene spelte nokre flotte kampar. Me var berre 8 spelarar, så det blei hardt for jentene. Me endte til slutt på ein flott 3. plass.
I Pinsecupen kom me etter puljespel på andre plass i pulja vår. Då gjekk me rett til kvartfinale i A-sluttspelet mot Tastavarden, som me slo 6 – 5. Då gjekk me vidare til semifinalen, der me spelte uavgjort 6 – 6 etter 2 omgangar mot Sotra 1. Så blei det avgjort med ”første målet vinn”, me stod i mot to angrep før dei andre scora det avgjerande målet. Jentene jobba knall bra alle saman.
Me er veldig stolte av jentene våre. Jentene utfyller kvarandre og gjer kvarandre gode. Dei er blitt veldig samspelte gjennom sesongen.
Helsing Elin og Rita