Vann Haugesund Cup

Publisert av:
27/10/2009 08:11

Stord fotball jenter 16 spelte seg fram til finalen i årets Haugesund Cup.

Finalen vann Stord med 2-0 over Haugar, eit lag som ligg på 2.plass i eliteserien i Rogaland i år, så det var ein sterk motstandar Stord vann over. Tysnes-jenta Rikke Vermedal spelte heile kampen som midtstoppar, og Stord slapp ikkje inn eit einaste mål i turneringa.

Dermed kunne Rikke hanka inn nok ein medalje på fotballbanen. I sommar fekk laget hennar sølvplass i Dana Cup i Danmark (som bilete er henta frå, foto Per Vermedal).