Publisert av: Martha Nygård Lande
2/10/2021 18:22
Utstilling med lokale kunstnarar
Til helga er det oktobermarknad i Våge, og i samband med det vert det utstilling av maleri i lokala ved sida av BUA.
Det er Rannveig Helland som har tatt initiativ til dette. Ho fann ut at det var mange som malte, og har no opretta ei gruppe som kallar seg “Kreativ Tysnes”.
Fram til no er det blitt 16 medlemmer i gruppa, men dei ynskjer at fleire blir med. Det er sikkert mange som held på med maling, så dei er hjarteleg velkommen til å vera med.
På utstillinga er det 10 av kunstnarane som skal vera med. Det er mange ulike stilarter, og dei maler akvareller, akryl- og oljemaling.
Dei ser for seg at dei etterkvart kan ha nokre samlinger og male saman, og lage til kurs.