Utstilling av dåpskjolar

Publisert av: May Britt Meland
24/7/2024 12:50

Kvar laurdag i juli månad har Tinghuset vore ope for publikum. Tysnes Sogelag, Tysnes Bygdekvinnelag og Jåttelaget, har her samla mange gode, gamle skattar og bilete frå gamle dagar.

Denne sommaren har også og Tysnes Bygdekvinnelag eit samarbeid med Tysnes Husflidslag om utstilling på lemen med pyntehandkle og litt anna, fortel Kjersti Godøy. –Og no siste laurdagen blir det skipa til ei ekstra fin utstilling av gamle og nye dåpskjolar.

Utstillinga er open frå kl 11:00 til KL 14:30.

 

Vi vonar mange vil ta turen innom for å sjå på!