Utstilling
4/5/2009 13:43
Britt har lenge vore interessert i og har samla opplysningar om eldre draktmateriale på Tysnes. Opp gjennom åra er det mange som har vist henne gamle klede. I ei tid med ny datateknologi har Britt sett behov for å samla desse opplysningane i ei anna form. Materialet blir no kartlagt ved hjelp av ein database.
Utstillinga viser einskilde plagg som er registrert i databasen. Publikum kan også studera utskrifter frå databasen, som ein og kan bla i på ei datamaskin.
NB! Dersom nokon ønskjer å få registrert eigne gamle plagg i databasen er Britt svært interessert i det.
Databasen og utstillinga er del av eksamensoppgåva hennar ved Delfaget Drakt- og samfunn 2 2008- 2009 v / Bunad- og folkedraktrådet og NTNU-videre.
Utstillinga vil stå ut mai og er open i biblioteket sine opningstider.
Kontaktinformasjon:
Britt Kjellesvik Rage – Tlf 986 54 110