Utbetringar på bassenget

Publisert av:
10/11/2009 14:10

Vestveggen i bassengdelen vert i desse dagar utbetra. Mellom anna vert glasfasaden skifta.

– Dette arbeidet er planlagt ferdig til jul og bassenget kan takast i bruk frå januar 2010, opplyser rektor Are Sæverudsø Lygre til Tysnesingen. 

Rektoren fortel vidare at elevane ikkje mister undervisningstid i bassenget. Symjeundervisninga vert lagt slik opp at ein oppfyller lover og føresegner ved å gjennomføra konsentrert symjeundervisning i perioden januar – mars.

Arbeidet ved bassenget vert utført av Andersland Bygg AS.