Publisert av:
6/10/2015 20:59
Ut på tur – aldri sur
Venelaget 333 Gjerstadstølen har vore på inspeksjonstur til Ilefjellet, Ragnhildsteinen og Ramnanuten for å sjekka postkassane, bøker og skrivesaker.
På Ilefjellet har Tysnes Kraftlag sponsa Turbokkassa. Den skal tola det meste av uver. Turen gjekk framom Vågstjørna, Anderslandstjørna, Ilefjellet, Tinesteinen, Ragnhildsteinen, Skarstjørna og Ramnanuten.
Hyggelege turfolk å treffa på den mest populære turbokstaden laget har.
Venelaget har no utplassert over 20 benkar i turområdet sitt, og denne dagen var 4 nye benkar laga.
Ein god dag for Venelaget 333 Gjerstadstølen.
Vil du ta nokre av desse turane, så er det lurt å starta ved parkeringsplassen på Dalen (5 turar), eller ved Tysnes skule (7 turar).
Tekst og foto:Tore Økland