Publisert av:
8/8/2010 17:21
Uro i Våge
Lensmann Lorentz Lunde fortel til Tysnesingen at det laurdag kveld kom ein båt til Våge det vart uro rundt med fest og høg musikk blant ein del yngre ungdomar.
– Blant desse måtte to mindreårige køyrast heim av politiet, seier lensmannen.
Han opplyser også at det seinare på laurdagskvelden vart meldt om ei valdtekt. – Ingen av dei to involverte i valdtekta er busette på Tysnes. Ein mann vart sendt til fengsel for forvaring, seier Lunde.