Underskot for Tysnesfest

Publisert av: Johnny Helgesen
6/9/2018 07:12

Etter rekordåret i fjor bemanna Tysnesfest opp for å takla eit tilsvarande besøkstal med lite køar og ei
smidig gjennomføring. Dette besøkstalet gjentok seg ikkje, og når utgiftene var større i år enn i fjor,
resulterer det i eit dårleg økonomisk år for festivalen. Festivalen i 2018 styrer mot eit underskot på om
lag 4 millionar kroner.
Når det tidligare har vore gode økonomiske år for festivalen har det vore nytta sunt bondevett, og
pengane til overs har vore sett på konto for å vera førebudd på eit dårlegare år. Ansvarleg drift over tid
gjer difor at festivalen heldigvis har ryggrad til å bera årets resultat.


Eit fyrtårn i framtida
– Trass i eit dårleg år økonomisk, var Tysnesfest i år på fleire måtar den beste festivalen me har
arrangert, seier styreleiar i Tysnesfest, Sigvard Madsen. Både leverandørar og frivillige er blitt utruleg
proffe i jobben dei gjere, og det sørgjer for at alt i festivalen flyter utruleg bra.
Delar av administrasjonen er midlertidig permitert, og større delar av arbeidet gjennom vinteren må
gjennomførast av styret og andre frivillige. Vinteren må nyttast til å inngå betre avtalar og finna betre
løysingar slik at Tysnesfest kan fortsetta å vera eit fyrtårn på Tysnes i mange år framover.


Tysnesfest i 2019
Sjølv om ein i planlegginga av neste års festival må gå ein ekstra runde gjennom programmet, betyr
ikkje det at det vært ein heilt anna festival til neste år.
– Me er meir motiverte enn nokon gong, og skal fortsetta å levera minst like gode oppleveringar for
heile familien, på fleire spanande arenaer, seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Tysnesfest. Det er og
viktig å hugse på at me trass dårligare tal enn i 2017 faktisk hadde nærare 27 000 besøkjande i år. Det
er eit tal me er svært stolte over!
Med friviljuge og sponsorar på lag set me inn eit ekstra gir og gjev gass mot ein fantastisk festival
andre helga i juli også neste år, seier han.


Styret i Tysnesfest