“Ullensvang” ute av drift

Publisert av:
29/7/2009 08:04

Tysnesingen får melding om at “Ullensvang” låg og dreiv like etter klokka ni i føremiddag. Ferja har tekniske problem.

Førebels er det usikkert kortid ferja vil gå att, og reisande med bil lyt køyra rundt. Tide avventer og ser om dei set inn ei anna ferje, dersom “Ullensvang” sine problem vert av den langvarige sorten.