Publisert av:
7/12/2016 12:19
Uheldig fiskar!
Ein uheldig fiskar har teke kontakt med Tysnesingen i håp om å finna att fiskeutstyret sitt.
– Eg hadde kjempe-uflaks då eg var på veg opp til fjellet via Korsfjorden. På veg oppover datt eg og mista ein del av fiskeutstyret, inkludert ein del av flugestanga mi. Dette skjedde i området frå skiltet Korsfjorden og oppover. Om nokon har sett eller funne flugefiskeutstyr eller anna utstyr der oppe vert eg svært takknemleg om det vert gitt beskjed.
Helsing frustrert mann som saknar fiskeutstyret sitt.
Ta kontakt via post@tysnesingen.no om du har funne noko av utstyret.